mandag 6. februar 2012

Veke 5


Korleis eg lærer best?

Dette var ei fin oppgåve å få, synest eg. Det er ei stund sidan sist eg har tenkt grundig gjennom spørsmålet. Eg oppdagar likevel at eg har gjort meg refleksjonar ikring dette over noko tid.

Me lærer ikkje bare på ein måte, heldigvis. Er me innstilte på det, kjem kunnskap og lærdom til oss dagleg gjennom heile livet. I tillegg kjem den kunnskapen me aktivt søkjer opp og freistar tileigne oss.

Aller best likar eg å lære gjennom ordveksling og drøfting saman med andre. Kan eg kalle det dialog-læring? Når me kan få bryne oss i ein diskusjon, dele meiningane våre, filosofere høgt i lag saman, lytte til kva andre tenkjer eller har erfart, høyre deira argumentering, vera sakleg einig eller ueinig. . . . Denne måten å lære på kan beint ut vera morosam!

Ein annan måte eg brukar, er lesing i full, stille konsentrasjon, helst utan ein lyd kring meg. Eg likar å ha ei bok eller utskriven tekst å lesa i fordi eg strekar under, over og ved sida. Eg likar bøker med plass i margen og mellom linjene. Eg har laga mine eigne symbolteikn og ordforkortingar som eg skriv i boka. Eg noterer assosiasjonar eg får undervegs og lagar mine eigne fotnoter. Mine pensumbøker/lesetekstar er i etterkant ubrukelege for andre, og dei gongene eg har kaupt[1] bruka pensumbok med andres strekar og notater har det vore ei plage å lesa i dei.

Ein tredje måte eg lærer mykje gjennom er i utprøving med påfølgjande refleksjon. Refleksjonsdelen kan skje over lang tid og blir som ei mental wiki-side som aldri blir heilt ferdig.

Til slutt vil eg dele eit motto eg har, som eg lærte på skule i USA. Ein forelesar som eg korkje hugsar namn eller tema til, men bare denne eine setninga: «Always be teachable, make sure you’re teachable!» Dette tykkjer eg passar godt inn i vår kultur med livslang læring som eit ideal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar